Nationen: Regjeringa vil legge ned 237 skattekontor

Av
DEL

Ifølgje Nationen foreslår regjeringa i statsbudsjettet for neste år å gjere skatteinnkrevjing til ei statleg oppgåve. Med det blir 237 skattekontor lagt ned.

I statsbudsjettet for neste år blir kommunane fråtatt oppgåver knytte til skatteinnkrevjing, noko som betyr at oppgåver knytte til kommunale skatteinnkrevjingskontor forsvinn, skriv Nationen.

Med det forsvinn 237 lokale skattekontor. Oppgåva med skatteinnkrevjing blir lagt inn under dei 56 regionale kontora som eksisterer i dag.

Ifølgje avisa blir alle stillingane som i dag er kommunale, flytta inn under den statlege forvaltninga.

Alle kommunar har i utgangspunktet eigne innkrevjingskontor, men mange kommunar har valt å samarbeide om innkrevjinga.

(©NPK)

Artikkeltags