Vegvesenet åtvarar mot nattefrost og glatte vegar

Kaldt og tørt vêr gir store temperaturforskjellar mellom dag og natt. Meteorologisk institutt og Statens vegvesen seier ein bør vere obs på glatte vegar om ein skal køyre på morgonkvisten eller på nattetid dei neste dagane.