Over ein halv million har lasta ned førarkortet på mobilen

SUKSESS: Statens vegvesen registrerte 670.000 brukarar av det digitale førarkortet på eitt døgn.

SUKSESS: Statens vegvesen registrerte 670.000 brukarar av det digitale førarkortet på eitt døgn. Foto:

På eitt døgn har heile 670.000 brukarar lasta ned Statens vegvesen sin nye app for lappen.

DEL

– Rett og slett ellevilt. Vi visste at dette kom til å bli populært, men interessa og trafikken overgår det meste. Vi er glade for at folk setr pris på tenesta, seier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tenesta er for alle og den eldste brukaren er til no 95 år. Totalt er det 10 personar over 90 år som har lasta ned det digitale førarkortet.

2,2 millionar førerkort-innehavarar kan bruke det nye digitale førarkortet. Nokre får ikkje tatt i bruk appen fordi at det ikke ligg eit digitalt bilde i Vegvesenet sine system.

No kan du få førarkortet på mobilen: – Eg er litt redd for personvernet mitt

Artikkeltags