Glatte vegar nokre stader

Fleire har tipsa om glatte vegar, melder Vegtrafikksentralen.

DEL

Vegtrafikksentralen får inn mange telefonar om spegelglatte vegar på fylkesveg 616 i Bremanger. Mellom anna mot Oldeide ferjekai er det veldig glatt, fortel trafikkoperatør Nina Heggernes i Statens vegvesen.

I natt klokka 04.21 fekk dei ein telefon om at det var glatt på E39 mellom Førde og Sande.

– Det kan vere utbetra no, for entrepenøren skal ha vore på staden, seier ho.

Det skal også vere glatt på riksveg 55 mellom Sogndal og Gaupne, ifølge ein innringar til Vegtrafikksentralen.

– Meldinga vi har gått ut med er at det kan vere vanskelege køyreforhold med kulde i bakken, der regnbyer har vaska vekk salt og det frys på. Bruk vinterdekk og køyr etter forholda, seier Albert Sherington i Statens vegvesen.

Han fortel at dei har fått inn nokre meldingar frå Eikefjord-Florø-området.

Her kan du sjå oppdaterte vegmeldingar frå fylket.

Artikkeltags