Dårlege gjerde øydelegg for kantslåtten. Vegvesenet ber grunneigarar om å ordne opp

FARLEG: – Nokre stolpar står som spyd inn mot vegen og kan utgjere ei fare, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

FARLEG: – Nokre stolpar står som spyd inn mot vegen og kan utgjere ei fare, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen. Foto:

Statens vegvesen ber grunneigarar som eig gjerde langs veg om å ta ein ekstra sjekk. Nedslitne gjerde bør utbetrast, og gjerde som ikkje er i bruk bør takast bort.

DEL

– Vi har hatt mange uhell med at gjerdenetting og stålstreng som ligg i graset viklar seg inn i kanstlåttmaskina. Dette er svært farleg for den som sit i kanslåttmaskina, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ifølge Karlsen har driftsentreprenørane som driv kantslått årleg problem med dårlege gjerde som står langs riks- og fylkesvegar. For å halde gras, buskar og kratt nede på ein forsvarleg måte, ber vegvesenet om hjelp. Karlsen ber grunneigarar som har gjerde langs veg tar ein ekstra sjekk og gjere tiltak der det trengst.

– Det hadde vore fint om dei som har gjerde langs veg tek seg ein runde for å sjå til gjerda, gjer naudsynt vedlikehald og eventuelt fjernar gjerde som ikkje er i bruk. Mange held gjerda sine godt og passar på, men nokre gjerde står til nedfalls og vert ikkje haldne ved like. Nokre stader haller gjerda inn mot vegen og hindrar kantslått og gjer det vanskeleg for oss å få fine vegkantar. Og nokre stolpar står som spyd inn mot vegen og kan utgjere ein fare, seier Karlsen.

I «Forskrift om gjerde ved offentleg veg» står det mellom anna at gjerde langs veg skal haldast forsvarleg ved like. Stolpane skal stå vertikalt, med maks 2,5 meters avstand og tråd og netting skal vere godt stramma.

Det er ulovleg å bruke gjerde med piggtråd inn mot veg. Også steingjerde skal haldast ved like, og utbetrast om det er behov. Elektrisk gjerde skal vere montert etter krav frå DSB. Plasseringa av gjerde er normalt i grensa mellom veggrunn og naboeigedomen.

Artikkeltags