Stogga fleire tunge køyretøy som hadde manglar

Arkivfoto frå kontroll av tunge køyrety på Sande i Gaular.

Arkivfoto frå kontroll av tunge køyrety på Sande i Gaular. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Det vart ikkje avdekka veldig alvorlege lovbrot under sundagens kontroll av tunge køyretøy ved Kjøs bru.

DEL

Statens vegvesen hadde søndag kveld kontroll på Kjøs kontrollplass, nær krysset ved E39/Rv 15 der ein tar av frå Eid/Stryn til Hornindal. 

Kontrollen varte frå klokka 16:00 til 23:30, om mellom 15–20 tunge køyretøy vart stogga av mannskap frå Statens vegvesen.

Ved denne kontrollen hadde Vegvesenet merksemda spesielt retta mot køyre- og kviletid, pluss vektkontroll.

Det vart delt ut to gebyr, to åtvaringar, og eit køyretøy måtte ein tur innom nærmaste verkstad før det fekk køyre vidare.

Ein sjåfør fekk gebyr for å ikkje ha med seg vognkort, ein anna hadde ikkje med seg yrkeskompetansebeviset og fekk også gebyr. To førarar slapp unna med åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida.

Eit køyretøy vart stogga utan oppdatert fartsskrivar, og fekk ikkje køyre lenger enn til nærmaste verkstad.

Fartsskrivaren skal godkjennast annakvart år, noko sjåføren ikkje hadde gjort.

– Det var ein ganske grei kontroll. Dei fleste er jo i orden, og det var ikkje dei største lovbrota, seier Svein Henjesand frå Statens vegvesen.

Artikkeltags