Oppdaga ulovleg transport – no er både føraren og firmaet meldt

Dreiv ulovleg kabotasjetransport.

DEL

Under ein trafikkontroll på E39 ved Førde trafikkstasjon, samt på fv. 614 gjort av ein patrulje, oppdaga kontrollørane til Statens vegvesen ei rekke manglar.

Eit av dei 26 køyretøya som var inne til kontroll, fekk bruksforbod grunna tekniske manglar. Det fekk ikkje køyre vidare frå Førde før manglane var utbetra.

Kontrollørane avslørte også ein vogntogsjåfør i å drive ulovleg kabotasjetransport. Firmaet vart meldt, i tillegg til at føraren vart meldt for brot på køyre- og kviletidsreglane.

I same kontrollen måtte også 3 førarar punge ut for å køyre på dekk med for lite mønster etter årstida.

Eit gebyr vart også skrive ut til ein førar som mangla vognkort.



Artikkeltags