Gå til sidens hovedinnhold

Vogntog hadde ikkje festa containeren godt nok

Artikkelen er over 3 år gammel

HORNINDAL: Det norske vogntoget fekk køyreforbod etter kontroll hos Statens vegvesen på Kjøs torsdag.

Eit vogntog med container hadde ikkje sikra containeren godt nok. Eitt av åtte fester var lause og fleire feste var ikkje stramma nok til.

– Eine sidedøra på containeren var heller ikkje tilstrekkeleg festa. Det vart også utferdinga mangellapp på sidehinderane på tilhengaren, seier kontrollør, Ove Garlid.

22 køyretøy var inne til kontroll på Kjøs torsdag. Føraren av vogntoget måtte fikse festa før han fekk køyre vidare.

– Han hadde relativt lett last og det utgjorde ikkje noko umiddelbar fare, men dette skal vere i orden.

Ein annan førar fekk munnleg åtvaring for brot på køyre- og kviletida og ein fekk mangellapp for sprekk i frontruta.

Ifølgje Garlid gjekk sprekken på tvers frå hjørne til hjørne over frontruta.

– Han har fått ein frist for når ruta må vere reparert, fortel Garlid.

Kommentarer til denne saken