Statens vegvesen hadde kontroll av alle slags køyretøy ved Kjøs i Hornindal torsdag ettermiddag og kveld.

28 køyretøy blei kontrollerte.

Tre sjåførar fekk skriftleg åtvaring for små brot på køyre- og kviletida. Ein sjåfør blei meld til politiet for brot på kviletida, og for å køyre utan at fartsskrivarkortet var sett i fartsskrivaren.

Ein annan sjåfør fekk bruksforbod og bot fordi dekka hadde for liten mønsterdjupne. Sjåføren fekk køyre til verkstad i Stryn for å skifte dekk, før han kunne halde fram.

To lastebilsjåførar måtte rydde vekk gjenstandane frå frontrutene før dei fekk køyre vidare.