Falske nyheiter er årets ord i 2017

Ole Våge er rådgjevar hos Språkrådet.

Ole Våge er rådgjevar hos Språkrådet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjå heile lista under.

DEL

Kvart år kårar Språkrådet og Gisle Andersen, professor ved Norges Handelshøgskule, årets ord. Det kan vere eit nyord eller ord av nyare dato som har prega året. Lista frå dette året er særleg prega av ord og farsar frå politikk og media. Samtidig viser lista at språket vårt får påfyll av nyord frå ny teknologi og andre nyvinningar.

– Bruken av falske nyheiter har eksplodert siste året, og det er det mest brukte nyordet blant årets kandidatar. Frasen speglar kampen om sannferdige nyheiter i den offentlege debatten på ein heilt ny måte, både i Norge og elles i verda, seier Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Falske nyheiter er ein frase som eigentleg ikkje er heilt ny, men bruken eksploderte for eitt år sidan. Hittil har frasen vore brukt meir enn 1500 trykte artiklar i norske aviser, og truleg langt meir på nett.

I kåra har Språkrådet brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå mange store riks- og regionaviser. Kriteria er at årets ord skal vere aktuelle og mykje brukt i år. Orda på lista skal helst vere levedyktige, kreative og ha gode språklege kvalitetar. Det kjem fram i ei pressemelding frå Språkrådet.

Dette er topplista:

               1. falske nyheiter

               2. lillaveljar

               3. plastkval

               4. imamsleiking

               5. spinner

               6. svenske tilstandar

               7. lynladar

               8. ekkokammer

               9. datarulling

             10. oktoberbarn

Artikkeltags