Lothepus fekk dialektprisen

PRISVINNAR: Neste gong dei tekstar meg, skal tekstinga vera på nynorsk! sa Leif Einar Lothe under prisudelinga fredag.

PRISVINNAR: Neste gong dei tekstar meg, skal tekstinga vera på nynorsk! sa Leif Einar Lothe under prisudelinga fredag. Foto:

SPRÅK: Norsk Målungdom har kåra Leif Einar Lothe (Lothepus) til vinnar av Dialektprisen for 2018. – Ver stolt av språket ditt, og drit i kva andre seier, oppmoda prisvinnaren i takketala si.

DEL

Det skriv Norsk Målungdom i ei pressemelding fredag kveld. Prisen vart overrekt på Det Norske Teatret fredag 16. november.

I takktala lo Lothe godt av at han vart teksta i ymse fjernsynsprogram.

– Det tykkjer eg eigentleg berre er tøft. Men neste gong dei tekstar meg, skal tekstinga vera på nynorsk! sa Lothe.

Teksta på TV

– Leif Einar Lothe nyttar hardingdialekta i alt frå sprengingsoppdrag på bygda til kjendisgalla i byen. At han nyttar dialekta kvar enn han fer, og er tydeleg stolt av ho gjer han til eit godt dialektføredøme for ungdom, sa Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, då han delte ut prisen.

Vidare peika han på at dialektbruken til Lothepus har blitt utfordra. På Farmen kjendis var han til dømes den einaste deltakaren som blei teksta.

– Det syner at media ofte undervurderer kor godt nordmenn forstår ulike dialekter, og at tradisjonelle dialekter som hardingdialekta kan vere utsett for eit normaliseringspress, sa målungdomsleiaren.

Førebilete for ungdom

– Difor er me desto gladare for at Lothepus held på dialekta i alt han gjer, og den språklege sjølvtilliten hans tener som eit førebilete for ungdom, særleg i distrikta. Han syner at ein både kan koma frå bygda og slå gjennom nasjonalt og framleis halde på dialekta og vere stolt av det, sa Hope.

Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut årvis av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som P3Morgen, Linda Eide og Daniel Kvammen.






Artikkeltags