Harald Thingnes får nynorskpris

STOLT OG GLAD: - Nynorsk har alltid vore det naturlege språket mitt, både privat og profesjonelt. Eg brukar det konsekvent til alt og alle, det finst ikkje noko alternativ for meg, seier NRK-journalisten Harald Thingnes som no får pris for nynorsken sin.

STOLT OG GLAD: - Nynorsk har alltid vore det naturlege språket mitt, både privat og profesjonelt. Eg brukar det konsekvent til alt og alle, det finst ikkje noko alternativ for meg, seier NRK-journalisten Harald Thingnes som no får pris for nynorsken sin. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar går i år til Harald Thingnes frå Naustdal.

DEL

Juryen bestemte 2. mai at Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018 går til Harald Thingnes. Det melder NRK Nynorsk mediesenter.

– Harald Thingnes har vore ein markant historieforteljar i NRK Sporten i 20 år. Han var lenge den einaste nynorskbrukaren i ein bokmålsdominert redaksjon. Thingnes har vore eit føredøme for alle nynorskbrukarar som har kome til, og han har vist at nynorsk er svært dugande som «sportsspråk», skriv juryen i grunngjevinga.

Prisen, som er på 50.000 kroner og eit kunstverk, vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 8. juni.

Artikkeltags