Desse namna vil nesten ingen kalle ungane sine

SJELDNE NAMN: – Det finst ufatteleg mange sjelden namn. Vi snakkar tusenvis!, seier Jørgen Ouren, namneekspert i SSB. Bildet er ein illustrasjon.

SJELDNE NAMN: – Det finst ufatteleg mange sjelden namn. Vi snakkar tusenvis!, seier Jørgen Ouren, namneekspert i SSB. Bildet er ein illustrasjon. Foto:

Av

FAMILIE: Amen, Valdemar og Daud er berre nokre av dei mest uvanlege namna norske barn fekk i 2017.

DEL

Ventar du barn, eller slit du med å finne namn på din nyfødde son eller dotter?

Statistisk sentralbyrå (SSB) har samla ei liste over dei mest spesielle namna nyfødde i 2017 fekk, i tillegg til ei oversikt over uvanlege namn på 1800- og 1900-talet, skriv Nettavisen.

– Det finst ufatteleg mange sjeldne namn. Vi snakkar tusenvis! For eksempel er det 15.000 ulike fornamn som er delt av berre to personar i Norge, seier Jørgen Ouren, namneekspert i SSB.

Fritt namneval

I 2017 var det 2.290 jenter og 2.187 gutar som fekk eit namn ingen andre i landet har.

Av omsyn til personvernet blir ikkje namn gitt til færre enn tre personar offentleggjort. Men namna som blei gitt til mellom fire og ti nyfødde, er samla på SSB sine nettsider.

– Når fire personar heiter det same, er det ikkje så sjeldan. Men det er uvanlege namn, og det kan vere fordi namna er på veg inn eller ut, seier Ouren til Nettavisen.

Ouren er veldig positiv til at folk vel unike namn.

– Det er bra at foreldre vel noko anna enn namn frå topplistene, for det er meir praktisk, seier han, og viser til at barnet kan få fleire på sitt klassetrinn med same namn.

– Gøy med sjeldan namn

Malte er eitt av namna som er ganske sjeldan i Norge. I 2017 fekk fem gutebarn namnet, og det er totalt 60 personar som har det som einaste fornamn.

LIKAR DET: Malte Loller-Andersen (26) synest han har eit fint namn.

LIKAR DET: Malte Loller-Andersen (26) synest han har eit fint namn. Foto:

– Det er gøy å ha eit så sjeldan namn. Ikkje mange har høyrt om det før, men begge foreldra mine er danske og i Danmark er det eit ganske vanleg namn, seier Malte Loller-Andersen (26), som har vakse opp på Kolvereid i Nord-Trøndelag.

Sjølv har han budd i Norge sidan han var fire år, men har fått mange spørsmål opp gjennom åra om namnet sitt.

– Nokre lurer på om eg verkeleg heiter Malte, men eg har også fått positive kommentarar. Eg trur folk ofte legg merke til namnet mitt når det er så uvanleg, og det er kult, seier han.

Fritt namneval

Ouren fortel at det er fritt namneval i Norge, så lenge namnet ikkje kan skade barnet. Det er heller ikkje lov å lage nye førenamn av eksisterande etternamn.

Fenomenet er ikkje nytt.

Tilbake i 1801 var det nokre jenter som fekk namna Grissilde og Diis, mens enkelte gutar fekk namn som Uff og Nub. I 1900 kalla foreldre jentebarn for Gjær og gutebarn for Veier.

– Det er mange morosame namn frå den tida. Eg meiner at dersom eit namn er for humoristisk, så bør du kanskje velje eit anna til barnet ditt, seier Ouren.

Dei mest uvanlege jentenamna i 2017

  • Mimmi (4)
  • Amen (4) 
  • Kanutte (4)
  • Flora (4)
  • Eden (5)
  • Snit (5)
  • Bjørk (6)
  • Villemo (7)
  • Gloria (8)
  • Hafsa (9)

Kjelde: SSB 

Dei mest uvanlege gutenamna i 2017

  • Hector (4) 
  • Daud (4) 
  • Enok (4)
  • Valdemar (4)
  • Tørres (4)
  • Atlas (5)
  • Marinius (5)
  • Elling (6)
  • Leif (7)
  • Sølve (8)

Artikkeltags