Stian Grimseth er vald til president for Norges Vektløftarforbund

TAKKETALE: Stian Grimseth vann kampvoteringa mot sittande leiar og er valt til president for Norges Vektløftarforbund. Her held han takketalen.

TAKKETALE: Stian Grimseth vann kampvoteringa mot sittande leiar og er valt til president for Norges Vektløftarforbund. Her held han takketalen. Foto:

DEL

– Eg har vore motivert for å gå inn i styret som president, og føler det er mykje spennande å ta tak i. Eg er glad for å få tilliten, seier Stian Grimseth.

Han står på Værnes og ventar på flyet til Bergen, etter å ha blitt valt som ny president under tinget til Norges Vektløftarforbund (NVF) på Hell i helga.

Eit fleirtal i valnemnda hadde innstilt Grimseth som ny president, medan eit mindretal ville ha sittande president Hilde Næss. Grimseth vann kampvoteringa med 21 av 33 røyster.

– Næss har gjort ein god jobb i to år. Eg tenker det er naturleg at ein del meinte ho burde få halde fram lenger og fullføre det arbeidet ho har sett i gang, men eg tenker også det er sunt at vi har fleire gode kandidatar, seier Grimseth om kampvoteringa.

Vil dra nytte av crossfit-bølga

– Kva vil du oppnå i rolla som president?

– Det er ein oppsving i bruk av frivekter, og crossfit-bølga gjer at det er mykje utstyr over heile landet. Det gjer at mykje ligg til rette for å få til bra rekruttering, seier Grimseth.

Han meiner også at både skulane og helsemyndigheitene har fått auga opp for styrketrening, noko som også gir rom for å rekruttere nye vektløftarar.

– Vi har ein annan kunnskap no. Styrketrening er ikkje lenger berre greitt for ungdom, men det er både bra og viktig, seier han.

Grimseth vil også dra nytte av erfaringa frå toppidretten for å legge betre til rette for dei som driv toppidrett i dag.

– Arrangement må drivast fram lokalt

– Etter EM vart det snakka om å få fleire arrangement til Sunnfjord, blir det fart på det no?

– Vi hadde gode erfaringar med EM i 2016, så den moglegheita ligg der i høgste grad. Men oppgåva som president er primært rekruttering og å jobbe for forholda til toppidretten. Eit arrangement må jobbast fram lokalt, men sjølvsagt med støtte frå forbundet, seier Grimseth.

Å vere president i NVF er eit frivillig verv, som Grimseth skal utføre frå Naustdal ved sidan av sin vanlege jobb.

Artikkeltags