Ulrik Flo (31) legg opp som fotballspelar

FERDIG: Ulrik Flo gir seg som fotballspelar.

FERDIG: Ulrik Flo gir seg som fotballspelar. Foto:

No går han til nye oppgåver i familiebedrifta, men ut av Campus fer han truleg ikkje.

DEL

Det melder Sogndal Fotball onsdag kveld.

Årsaka til at han vel å legge opp er at sportsleg leiar Håvard Flo og trenar Eirik Bakke ikkje fann plass til 31-åringen i planane framover.

– Ulrik hadde lyst til å vere med vidare, og kunne nok ha spelt på dette nivået eit par år til. Vi føler likevel at dette er det rette med tanke på den troppen vi skal ha no, med unge gutar som skal inn for å ta meir ansvar, seier trenar Eirik Bakke til sogndalfotball.no.

Flo kom til Sogndal i 2007 og har spelt for klubben i to periodar. Først frå 2007 til 2015, før han gjekk til Odd. Der fekk han berre tre kampar.

I 2016 signerte han for Silkeborg, men opphaldet der vart også kortvarig. Han hadde deretter ein periode i Fredrikstad før han igjen signerte for Sogndal i 2018.

– Det vart ein trong start i Sogndal, då eg gjekk mykje skadd i starten. Eg føler eg fekk gjennombrotet mitt i 2009 under Karl Oskar Emberland, fortel Flo.

No skal stryningen inn i familiebedrifta Flo Brannsikring. Dei har kontor i Stryn, men Flo skal truleg jobbe frå Fosshaugane Campus.

Artikkeltags