– Denne har gjort underverk

Berre i løpet av eit par dagar har fella fjerna fleire tusen små knott og mygg.

Berre i løpet av eit par dagar har fella fjerna fleire tusen små knott og mygg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Har henta ut minst ein million.

DEL

Det å arrangere eit Landsskyttarstemne inneber planlegging i lang tid, alt frå dei store linjene som trafikk, servering og skyteteknisk ned til den minste detalj: Som til dømes korleis få redusert talet knott eller mygg på skyttararenaen. Og til og med dette har årets LS-arrangør hatt kontroll på.

– Ja, og det var ikkje vanskeleg å få den ideen. For kvar einaste gong vi har vore ute i Kråkenesmarka dei siste åra etter at sola har gått ned, så veit vi at knott og mygg er ei kjempeutfordring. Den kjem summande inn i bak skytebrillene, eller bak øyreklokkene, og kan vere til stor irritasjon. Difor fann vi ut at vi skulle montere ei større gassdriven knottfelle ute i myra mellom standplass og skyteskivene. Og resultatet har vore unikt, og denne maskina har gjort underverk, seier leiaren i Førde Skyttarlag, Stein Mortensbakke, då Firda får vere med han inn i området etter at skytingane er ferdig onsdag kveld.

Langsiktig

– No er det eit opphald i skytingane, og det er trong for å skifte gassflaske. Og då kan du sjølv sjå kor mange knott som har summa seg inn i fella, seier Mortensbakke om installasjonen som vart montert i 2016.

(saka held fram under bildet)

- Denne har gjort underverk, seier Stein Mortensbakke.

- Denne har gjort underverk, seier Stein Mortensbakke. Foto:

– Det å fjerne knott og mygg er ein langsiktig prosess. Vi starta opp på sommaren 2016, og ideen ved ei slik felle som dette skal vere at den skal trekke til seg insekt på mange kilometers avstand. Difor har det stått her og dura, medan vi med ujamne mellomrom har vore nede for å skifte kassetten, seier Mortensbakke og har sjølv knapt nok registrert knott på standplassane denne veka.

– Det har sikkert noko med at vi sette opp igjen fella i mai månad, for å sikre oss at vi starta fangsten før knotten byrja klekkinga. Og det er klart i dette fuktige myrområdet så er det eit eldorado for desse små insekta. Men vi har tydeleg fått has på minst ein million, ler Mortensbakke og vil ikkje eingong prøve å telje kor mange som ligg nede i kassetten.

I kassetten

– Dei vert lokka til fella og ramlar ned i ein kassett. Der blir dei delvis svidd opp og det er berre inntørka deler som er igjen. Og sjølv om det berre er eit par dagar sidan sist eg tømte kassetten, så har det komme fleire nye inn i den. Men det kan tyde på at mengda av insekt er redusert. Så sjølv om det sikkert ikkje er nokon av skyttarane som er klar over dette, så skuldast det at vi har jobba medvite med å redusere knottbestanden over tid. Og du skulle gjerne ha vore her på kveldstid før vi fekk opp fella, seier Mortensbakke.

I jakta

Mortensbakke trur at ikkje minst jegerar som skal ta viltprøva på kveldstid utover august månad, vil ha glede av at denne fella har vore i aktivitet i to sesongar.

– Når det har vore på det verste, så er det slik at vi nesten har vurdert å gå med myggnett over hovudet. Men no kan det sjå ut til at vi har fått kontroll på knotten, seier Mortensbakke og tømmer ut tusenvis av knottrestar ned i lyngen.

– Desse får iallfall ikkje sjansen til å formeire seg, ler Mortensbakke og skiftar ut gassflaska som driv knottfella.

Artikkeltags