Thingnes Bø vart historisk – vann alle årets cupar

HISTORISK: Johannes Thingnes Bø jublar saman med boren Tarjei etter laurdagens jaktstart. Søndag vart han historisk, som vinnar av alle årets skiskyttarcupar.

HISTORISK: Johannes Thingnes Bø jublar saman med boren Tarjei etter laurdagens jaktstart. Søndag vart han historisk, som vinnar av alle årets skiskyttarcupar. Foto:

Johannes Thingnes Bø avslutta ein fantastisk sesong, med gode resultat i både VM og verdscupen, med hat trick i Holmenkollen. Med årets siste renn sikra han seg også siger i fellesstart-cupen.

DEL

– Dette var ein av dei beste sigarane mine, seier Johannes Thingnes Bø til NRK etter dagens renn.

Søndag sikra han seg sin 16. verdscupsiger denne sesongen, av 25 verdscuprenn. Thingnes Bø skaut ned alle tjue blinkane og vann 19,2 sekund framfor tyske Arnd Peiffer.

Med denne sigeren vann han fellesstart-cupen, men allereie før dagens renn hadde han vunne verdscupen samanlagt.

Thingnes Bø vann faktisk alle årets skiskyttarcupar: jaktstart, sprint, fellesstart og normaldistanse. Han var også med Norge på å vinne nasjonscupen, stafettcupen og blanda-cupen. Det gjer han historisk. Han er den første mannlege skiskyttaren som klarar det. Tora Berger klarte det same i 2012/2013.

– Eg klarar ikkje heilt å sette ord på det. Sesongen har gått over all forventning, og så avsluttar eg med hat trick i Kollen: Det er ubeskriveleg, seier Thingnes Bø.

Artikkeltags