Karoline og Håvard nærmar seg landstoppen

TIL IBU-CUP: Både Håvard Bogetveit og Karoline Erdal, begge frå Førde er teke ut til IBU-cup, som på ein måte er landslaget for dei nest beste i landet.

TIL IBU-CUP: Både Håvard Bogetveit og Karoline Erdal, begge frå Førde er teke ut til IBU-cup, som på ein måte er landslaget for dei nest beste i landet.

Både Karoline Erdal og Håvard Bogetveit, begge frå Førde, er tekne ut til renn i Ridnaun-Val Ridanna og Obertilliach. IBU-cupen er for dei beste under elitenivå.

DEL

– Karoline Erdal har etter IBU-cupen på Sjusjøen lagt seg på ein solid 7.-plass samanlagt, og er best av dei norske kvinnene, skriv Norges Skiskytterforbund i ei pressemelding.

Dei har no teke ut laga som skal representere Norge i IBU-cupen i Ridnaun-Val Ridanna 09. – 15. desember og Obertilliach 16. – 21. desember.

Både på herrelaget og kvinnelaget finn vi skiskyttarar frå Førde.

På herrelaget er Håvard Bogetveit teken ut. Dei andre norske på dette laget er Fredrik Gjesbakk, Aleksander Fjeld Andrersen, Sindre Pettersen, Endre Strømsheim og Toren Leren.

Kvinnelaget har berre tre som til no er tekne ut. Den eine av dei er Karoline Erdal. Saman med ho er også Synnøve Solemdal og Ida Lien tekne ut. Kven som får den siste plassen er enno ikkje bestemt.

Artikkeltags