Gullet glapp for Johannes

Johannes Thingnes Bø gjekk inn som nummer to på jaktstarten søndag.

Johannes Thingnes Bø gjekk inn som nummer to på jaktstarten søndag. Foto:

Johannes Thingnes Bø hamna på andreplass søndag, men vann likevel verdscupen samanlagt.

DEL

Det såg lenge ut til at Johannes Thingnes Bø skulle ta gullet i jaktstarten søndag. Han hadde rundt eit minutt forsprang då han gjekk inn til den siste skytinga, men så fekk han tre bom på ståande. Då glapp gullet for stryningen. Han hamna på andreplass bak Dmytro Pidrutsjnyj frå Ukraina.

Bror Tarjei Bø hamna på fjerdeplass, bak franske Quentin Fillon Maillet.

Trass dagens sølv, vann Johannes Thingnes Bø likevel verdscupen samanlagt.

Artikkeltags