Norge opna skiskyttar-VM med gull i miksstafetten

Marte Olsbu Røiseland, Tiril Kampenhaug Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christiansen etter sigeren i mixed stafett i VM Skiskyting  2019 Östersund, Sverige.

Marte Olsbu Røiseland, Tiril Kampenhaug Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christiansen etter sigeren i mixed stafett i VM Skiskyting 2019 Östersund, Sverige. Foto:

Av

Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christiansen gav Norge ein fantastisk start på skiskyttar-VM med gull i mixedstafett.

DEL

Kvartetten fekk dermed revansjert Norges svake 8.-plass frå meisterskapen for to år sidan.

Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff la eit godt grunnlag for Thingnes Bø. I duell med Tyskland og Italia takka stryningen for følge og sende Christiansen av garde med ei luke på 15,4 sekund på ankeretappen i Østersund.

Tyske Benedikt Doll forsøkte å skape spenning, men VM-debutant Christiansen var sterkast i avsluttinga og gjekk inn til norsk gull i dei svenske skogar. Dei norske brukte totalt sju ekstraskot.

Tyskland tok sølv 13,1 sekund bak Norge, mens Italia sikra seg bronse 1.09,6 bak.

Førre gang Norge tok VM-gull i blanda stafett, var i 2013 i tsjekkiske Neve Mesto. Året etterpå blei det OL-gull.

Rask i sporet

Marte Olsbu Røiseland trengde to ekstraskot på første etappe, men gjekk knallsterkt i sporet. Lisa Vittozzi skaut styggfort og feilfritt for Italia, men klarte berre å veksle 4,2 sekund framfor sørlendingen, som gjekk ut frå siste skyting 23,6 sekund bak italienaren.

– Eg følte meg veldig bra i sporet i dag. Eg opna veldig roleg på førsterunden og sparte litt krefter der, så eg håpte å ta igjen ein del. Eg gjorde så godt eg kunne, og det heldt nesten, sa Olsbu Røiseland til NTB etter etappen.

Bø leverte

Ekstraskudda sat laus på andreetappen, men Tiril Eckhoff klarte å halde trykket oppe i sporet trass tre ekstraskot. 28-åringen fekk kamp av tyske Denise Herrmann og italienske Dorothea Wierer mot slutten av etappen og gav Johannes Thingnes Bø eit godt utgangspunkt snaue sekundet bak tyskarane.

Thingnes Bø leier verdscupen suverent og viste akkurat kvifor på tredje etappe. 

Stryningen viste krefter i sporet og auka stadig ifrå konkurrentane. Samtidig skaut Italia og vertsnasjon Sverige seg bort, så det blei tidleg klart at Norge og Tyskland skulle kjempe om gullet.

Knallsterk avslutning

Trass eitt ekstraskot sørgde Thingnes Bø for at Vetle Sjåstad Christiansen fekk eit perfekt utgangspunkt med ei luke på 15,4 sekund ned til tyskarane på ankeretappen.

Doll tok innpå 26-åringen, men Geilo-mannen fekk fulltreff på blinkane på liggjande skyting og fekk heldt avstanden. På siste skyting avgjorde Christiansen gullkampen med fem nye treff samtidig som Tyskland trengde eitt ekstraskot.

Medaljen er Christiansens første i eit verdsmeisterskap på seniornivå.

Artikkeltags