Eli Anne Dvergsdal melder seg ut av Bergens-klubben Gular

Eli Anne Dvergsdal har meldt seg ut av Gular, og trenar ikkje under Arne Risa lenger. – Men eg blir i Bergen, seier motbakkeløperen med sølv fra EM i 2015.

Eli Anne Dvergsdal har meldt seg ut av Gular, og trenar ikkje under Arne Risa lenger. – Men eg blir i Bergen, seier motbakkeløperen med sølv fra EM i 2015. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER/BERGEN: Etter ein middels fjorårssesong, melder Eli Anne Dvergsdal (26) seg ut av Gular og kan komme til å byte trenar for å få ytterlegare framgang i motbakkane.

DEL

Jølster-jenta Eli Anne Dvergsdal har budd mange år i Bergen og har ei fortid som Sandviken-spelar. Ho kom som ein rakett i norsk motbakkeløp i 2015. Ho tok veldig overraskande sølv i EM i Portugal for tre år sidan, og bestemte seg for å satse alt på motbakke. Springinga blei det viktigaste, sivil jobb skulle avgrensast for å satse bortimot profesjonelt.

Men så blei 2016 i stor grad øydelagt av eit brot i eit leggbein. Ho kom revansjesugen tilbake i fjor, men heller ikkje 2017 blei veldig bra.

– Det var greitt, eg vann jo blant anna Norgescupen samanlagt. Men sølv i NM og 13.-plass i EM er ikkje det eg er ute etter. Og ein ting er resultata, ein anna ting er følelsen. Eg følte ikkje at kroppen responderte godt nok, seier ho til BA.

Sprang best som sin eigen trenar

Akkurat no er Dvergsdal på ein kjapp treningsleir på Gran Canaria, og sprang langs stranda på Maspalomas då BA ringde.

– Det er kaldt heime no, så eg trong dette. Eit lite miljøskifte. Men det blir berre ei knapp veke, forklarer ho.

På springeturane langs strand og i fjell på Gran Canaria tenker ho også på framtida. Ho har meldt seg ut av Gular, og seier at Arne Risa «ikkje er hennar trenar for augeblikket».

– Men Arne er ein av mine favorittpersonar, berre så det er sagt! Men eg sprang faktisk best då eg var min eigen trenar, så akkurat no veit eg ikkje.

Høgare ambisjonar

– Det eg veit, er at framgangen har stoppa opp. Då må ein stoppe opp og sjå kva som er best for vegen vidare. Ambisjonane er uansett høgare enn det eg fekk ut i fjor, seier ho.

– Men uansett kva som skjer så blir eg i Bergen, seier 26-åringen.

Artikkeltags