Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Her ferierte verdsmeisteren i sykkel

Artikkelen er over 3 år gammel

HØYANGER: Då sykkel-VM var over, reiste sykkelstjerna Tony Martin (32) på campingferie i Bjordal.

– Då eg var liten reiste vi alltid til Norge på campingferie, og det gjorde at det oppstod ein kjærleik til landet. Men fordi eg har vore oppteken med syklinga har eg ikkje hatt høve til å gjere det på mange år, fortel Tony Martin til Ytre Sogn avis, som omtalte saka først.

Familien venta i Bjordal

Etter siste løp i sykkel-VM i Bergen, sette Martin seg i bilen og køyrde til Nesheim Camping i Bjordal. Der venta foreldre, svigerforeldre, ein kamerat, sambuar og dottera på sju månadar.

– To av onklane hans har vore faste gjestar her dei siste 12 åra, og det var dei som hadde tipsa han om plassen. Medan Martin sykla i VM, budde resten av familien her, seier Jon Nesheim, eigar av Nesheim Camping til Firda.

Bestillinga fekk han allereie i fjor, men det var først i juni i år at Nesheim forstod kven han skulle ha som gjest.

– Onklane hans var her i sommar og då fortalde dei at nevøen deira var verdsmeister i sykling. Eg hadde jo høyrt namnet før, men hadde ikkje reflektert over kven han var, seier Nesheim som skildrar Martin som ein jordnær type.

– Han var kjempekjekk og utruleg behageleg å ha med å gjere. Han forventar ikkje at nokon skal stå på pinne for han, og du tenker ikkje over at han er verdsmeister. Men det var sjølvsagt litt spesielt å vite at han skulle komme.

Tony Martin

  • Fødd 23. april 1985 i Cottbus, Tyskland.
  • Syklar for Team Katusha Alpecin, same lag som Alexander Kristoff og Sven Erik Bystrøm.
  • Store merittar: VM-gull i 2011, 2012, 2013 og 2016. Han har også fire etappesigrar i Tour de France, er sju gongar tysk meister i tempo og har eit OL-sølv frå London.

Kjelde: Wikipedia.

 

– Like bra som Tour de France

Til Ytre Sogn fortel Martin at han brukte ferien til å slappe av.

– Vi har vore fråkopla både mobiltelefon og fjernsyn, og det har vore godt. Vêret har vore upåklageleg. Eg hadde høyrt at det var mykje regn på denne kanten av landet, men så lenge vi har vore her har det berre vore sol, seier Martin, som brukte mykje av tida på sjøen og til å plukke kantarell.

– Dei var sjølvforsynte med både fisk, blåskjel og sopp då dei var her. Det første han ville vite då han kom var om gode sopp-plassar. Første dagen fann dei 2 kilo og var storfornøgd, seier Nesheim.

– Snakka de noko om VM?

– Det var lite. Han uttrykte at han var skuffa over tempoløypa, men bortsett frå det var han veldig fornøgd, svarar Nesheim.

Hovudpersonen sjølv skrytte veldig over stemninga til Ytre Sogn.

– I Bergen var stemninga i løypa like bra som under Tour de France – minst! Dei heia like mykje på alle uansett nasjon.

Les også

Dei valde vekk byen til fordel for det gode liv på bygda

Kommentarer til denne saken