Fannemel vart nummer to i det siste rennet

Garmisch-Partenkirchen, Tyskland 20180101. Anders Fannemel etter første omgang i nyttårsrennet i hoppuka. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix
HOPPVEKA: Etter det siste rennet i hoppveka vart honndølen Anders Fannemel nummer tre samanlagt.
Det fjerde og siste rennet i den tysk-austerrikske hoppveka gjekk føre seg i Bischofshofen.
I første omgang hoppa Fannemel 130 meter, før han i andre omgang slo til med eit framifrå hopp på 139 meter, melder NRK.
Det var godt nok til å sikre Fannemel andreplassen i sundagens renn, og ein 3. plass samanlagt.
Polakken Kamil Stock vann alle renna, og med det hoppveka samanlagt. Sven Hannawald er einaste som tidlegare har vunne alle fire renna i den tysk-austerrikske hoppveka .