Førde tapte med åtte mål

Handballdamene til Førde møtte Haslum i Haslumhallen onsdag kveld.

DEL

Den tredje kampen i 1. divisjon møtte Førde Halsum borte i Haslumhallen.

Førde har eit tap og ein siger med seg i bagasjen, og jaktar fleire poeng. Det gjekk ikkje heilt etter planen denne gongen.

Etter første omgang låg Førde under med seks mål på stillinga 19–13. Til slutt tapte Førde med åtte mål, og stillinga enda på 33- 25 til heimelaget.

Det var islendingen Birta Run Grétarsdottir som var toppscorar til Førde. Ho scora ni mål der fire av dei var frå sjumeteren. Ho vart også kåra til Førdes beste spelar.

Førde ligg no akkurat over nedrykksstreken med 2 poeng etter tre kampar spelt. Men det er framleis jamt, for det er berre fire mål opp til toppen der Flint Tønsberg leiar.

Artikkeltags