Det seier Maria Oppedal, kaptein på Førde, etter sigeren på Gjøvik onsdag kveld.
– Det var ein god følelse med ein gong. Vi hadde null baklengsmål ei god stund, då veit ein at forsvaret sat godt, og angrepet og. Det var godt å kjenne på det igjen. Det gjorde vi oftare i fjor enn i år, seier Oppedal.
Til pause leia Førde 13–4.
– Vi har hatt ein lang pause på 3,5 veker. Å starte etter pause med ein slik siger, og ein slik målforskjell gir ei veldig god kjensle for kampane framover, seier kapteinen.
Også trenaren Kristinn Gudmundsson var strålande nøgd etter kampen.
– Denne kampen var veldig strek, og ein viktig siger. Det var eit veldig godt forsvar og gode kontringar. Gjøvik kom litt sterkare tilbake i andre omgang, men vi fiksa smådetaljane og kom oss opp att. Med 27–14 var det aldri noko fare, seier han.
Søndag møter 1.-divisjonslaget Rælingen klokka 17.30 i Førdehuset.
– Vi er ganske gode. Vi må halde på jobbinga og det offensive. Vi køyrer meir tempo no, det kjem godt til nytte, seier Oppedal.
Ifølge kapteinen er det ganske jamt mellom laga i divisjonen no.
– Det er vanskeleg å måle dei opp mot kvarandre. Det er berre å gi i jernet det vi har, så går det forhåpentlegvis veldig bra.

– Det er noko med haustlukta. Då byrjar eg å tenke handball