Jølster handbak-klubb toppar no noregscupen i handbak

LEIAR NORGESCUPEN: Ottar Berg og Jan-Erik Sunde gjekk til topps i sine klassar i helga. Tom Erik Berg og Inge Henden Førde kom begge på fjerdeplass. Oppe frå venstre Tom Erik Berg og Inge Henden Førde. Nede frå venstre Ottar Berg og Jan-Erik Sunde.

Jølster Handbak-klubb er på førsteplass etter at seks av åtte rundar er ferdige i noregscupen i handbak 2019.

DEL

Det melder klubben sjølv søndag.

Ottar Berg gjekk til topps i -95 kilosklassen master, både med venstre og høgre hand.

Jan-Erik Sunde kjempa seg også til seier med begge hender i -70 kg senior.

Tom Erik Berg konkurrerte i +110 kg senior, og blei nummer 4 med venstre hand, og nummer 5 med høgre.

Inge Hende Førde gjorde det bra i -95 kg master, og plasserte på 4.-plass med vestre hand, og 5.-plass med høgre.

Totalt deltok 60 utøvarar frå 12 forskjellige klubbar i noregscupen i Skien.

Artikkeltags