Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Viksdølingen er ikkje i tvil: – Dette var vanvitig. Ei stor oppleving!

Artikkelen er over 3 år gammel

SYKKEL: Sykkel-VM i Bergen er over, og bergensarane har knapt landa. Det same gjeld for Terje Steinar Vallestad.

– Eg har vore her sidan fredag og det har vore ei vanvitig stemning kvar dag. Eg trur ikkje så mange andre plassar kunne klart å oppnå den same intime stemninga som har vore her, seier sykkelentusiast Terje Steinar Vallestad, som følgde ritta frå Landåslien, kanskje best kjent som «Laksebakken» denne veka.

God stemning i løypa

Ifølge Bergensavisen var det 100.000 menneske i Bergen sentrum søndag. Vallestad er overraska over at alt ser ut til å ha gått fint for seg.

– Med tanke på dei ekstreme mengdene med folk det har vore, er det veldig bra. Folk har vore i festhumør, men det har gått fredeleg for seg. Alle heia på alle og eg har knapt sett fyll, fortel Vallestad.

– Politiet var med å jaga opp stemninga, folk spelte musikk og løparane hadde store smil rundt munnen då dei passerte oss. Det var skikkeleg trykk!

– Ei oppleving for livet

Aleksander Kristoff tok Norges einaste medalje i VM med sølv på dagens fellesstart.

– Han vart slått av ein betre spurtar, så eg vil seie at han vann sølvet. Men all ros til det norske laget. Dei gjorde ein vanvitig innsats heile vegen. Og så vil eg rose Susanne Andersen med 7.-plass i går. Det var absolutt ein opptur, seier Vallestad.

– Dette har vore ei stor oppleving og ei knall norgesreklame!

 

Kommentarer til denne saken