Storklubbar vil ha Stine Hovland frå Vadheim

ETTERTRAKTA: Stine Hovland frå Vadheim i Høyanger skal vere ønskt av fleire store klubbar.

ETTERTRAKTA: Stine Hovland frå Vadheim i Høyanger skal vere ønskt av fleire store klubbar. Foto:

Klubbar som AC Milan, West Ham og Bordeaux skal vere interesserte i duo fra Stemmemyren.

DEL

BA: AC Milan, West Ham og Bordeaux skal vere interessert i å hente Stine Hovland (bildet) og Cecilie Redisch Kvamme.

Det var VG som først melde om interessa frå utlandet rundt desse spelarane.

Styreleiar i Sandviken, Pål Hansen, stadfestar dette til BA.

– Det er eit jamt mas, sidan Norge er klar for fotball-VM. Det er dei spelarane som er aktuelle for VM som blir kika på av utanlandske klubbar. Det er det som er greia. Det er ingen konkrete førespurnader, men det er ein del mas og telefonar, seier Hansen.

Spelar på kontrakt

BA veit også at det skal vere interesse rundt fleire av dei landslagsaktuelle Sandviken-spelarane frå utanlandske klubbar.

– Spelarane er under kontrakt og ingen forsvinn før vi blir einige om noko, seier Hansen.

Dermed er det ingen som forlèt Sandviken utan at bergenslaget får kompensasjon.

– Eg reknar med at dei store klubbane er proffe. Skulle det bli noko, forventar vi skriftlege førespurnader. Førebels skjer ingenting, seier Hansen.

Sandviken ønsker å vere ein klubb der spelarane kan komme seg til utlandet.

– Vi ønsker å legge til rette for det spelarane ønsker, seier Hansen.

Held fokus

Det skal ikkje vere fare for at spelarane mistar fokus på grunn av alle rykta.

– Dei vil ikkje høyre snakk om noko som helst. Det er berre eitt fokus no, og det er å gjere det best mogleg med Sandviken slik at dei kan komme med til VM, avsluttar Hansen.

Artikkeltags