No er det klart: Midtbane-talent blir i Sogndal

TRE NYE ÅR: Årdølen Sivert Heggheim Mannsverk har no forlenga med Sogndal.

TRE NYE ÅR: Årdølen Sivert Heggheim Mannsverk har no forlenga med Sogndal. Foto:

Sogndal har forlenga kontrakten med Sivert Heggheim Mannsverk (17). Han blir no i klubben ut 2022-sesongen.

DEL

Det melder klubben sjølv på sine nettsider onsdag.

– Med denne avtalen, kan Sivert no fokusere heilt og haldent på Sogndal og landslaget, og han kan få ro til å utvikle seg i den rolla han er tiltenkt i dagens unge mannskap, seier Håvard Flo.

Årdølen har vist ein god utvikling både for Sogndal og på landslaget i førre sesong, og Flo er difor glad for at dei får halde på 17-åringen i tre år til.

Mannsverk omtalast som ein fotballklok spelar og ein veldig reflektert gut. Han les spelet godt og ligg ofte i forkant. Han har også ein fin ro med ballen, og eit godt overblikk.

For Sogndal har han allereie notert seg for 18 offisielle kampar på A-laget, og på desse har han éi skåring. I tillegg var han kaptein på det meritterte G19-laget til Sogndal under deira reise i NM og Europacupen i fjor.

Han har også 16 landskampar totalt, der ni av desse var i fjor.

– Sivert kan bli ein veldig god spelar, men han er ung og har ein del han må jobbe med no framover. Hos oss skal han få tid og ro, og slik vi kjenner Sivert, veit vi at han vil stå på 100 prosent. Vi gler oss til å sjå han ta nye steg i åra som kjem, seier Håvard Flo.

Artikkeltags