Mathias (18) starta som miniputt i Sogndal – tysdag fekk han proffkontrakt

PÅ A-LAGET: Mathias Sundberg er no blitt A-lagsspelar for Sogndal. Han signerte tysdag ein kontrakt som strekkjer seg ut 2022-sesongen.

PÅ A-LAGET: Mathias Sundberg er no blitt A-lagsspelar for Sogndal. Han signerte tysdag ein kontrakt som strekkjer seg ut 2022-sesongen. Foto:

Mathias Sundberg er no den siste inn i A-lagsstallen til Sogndal. Han har oppdraget klart: Å skåre mål.

DEL

– Det er veldig kjekt at vi kan ønskje ein ny ung og lokal gut velkomen i A-lagsgarderoben. Mathias har hatt ein stor utvikling dei siste par åra med Sogndal 2 og G19-laget vårt. No tek han eit nytt steg, dette blir spennande, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til klubbens nettsider.

Sundberg har gått gradene i Sogndal. Frå miniputt til å no verte A-lagsspelar. No har han signert ein kontrakt med Sogndal frå no til ut 2022-sesongen.

Gjennom karrieren har sogndølen alltid vore ein typisk goalgetter, og ifølgje sogndalfotball.no skårar han både flotte og spektakulære mål, i tillegg til å vere ein typisk måljeger.

– Mathias er ein målsnik, ein skikkeleg målskårar. Vi har leita etter ein slik spelar, og Mathias har eit stort potensial til å utvikla dei ferdigheitene vi er på jakt etter. Vi treng ein målskårar som han i laget, seier Eirik Bakke.

Neste veke skal nysigneringa vere med G18-landslaget på La Manga. Sundberg fekk debuten med flagget på brystet i fjor haust, og skåra eit flott mål mot England.

Artikkeltags