Førde er årets jenteklubb i fylket

FOTBALL: Får prisen for å satse på kvinnelege trenarar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det var ikkje forventa, men vi har lagt ned ein del jobb, så det var veldig kjekt å bli lagt merke til for den jobben vi gjer, seier sportsleg leiar i Førde fotball, Johan Pettersen.

Denne veka vart Førde kåra til årets jenteklubb 2016 av NFF Sogn og Fjordane. Klubben får ein premie på 5000 kroner som er øyremerka til jentefotballen i klubben.

Dei andre finalistane var Vik, Hafslo og Kaupanger. Førde annonserte sjølv nyheita på sine heimesider.

Nesten 500 jenter

450 jenter frå 7 år til seniornivå spelar fotball i Førde IL. For å vere ein kandidat til prisen årets jenteklubb må klubben på førehand sende inn mål for korleis dei vil satse.

VANN PRIS: Førde vart årets jenteklubb i fylket. Sportsleg leiar Johan Pettersen synest det er kjekt at arbeidet klubben gjer med jentefotballen vert lagt merke til.

VANN PRIS: Førde vart årets jenteklubb i fylket. Sportsleg leiar Johan Pettersen synest det er kjekt at arbeidet klubben gjer med jentefotballen vert lagt merke til. Foto:

– Kvinnefotball er ein prioritet hos oss som vi ønskjer å byggje opp. Vi har jamt gode og store jentekull som vi må ta vare på best mogleg.

Han meiner kvinnefotballen treng meir blest.

– Absolutt. Vi har ei bevisst satsing på det og som klubb er det veldig morosamt å få denne merksemda om at det vi gjer er bra, seier Pettersen.

– De var i hard konkurranse med til dømes Kaupanger om tittelen. Korleis følast det å slå det laget som dei siste åra har vore mest kjent for kvinnelaget sitt?

– Eg veit ikkje kva dei andre klubbane har lagt vekk på, så det blir litt vanskeleg for meg å kommentere.

Vil ha fleire kvinnelege trenarar

Førde ønskjer også å løfte fram fleire jenter til å bli trenarar.

– Akkurat no har vi fire jenter som har ansvar for ei gruppe på ca. 30 spelarar. Dei er veldig flinke og gode kandidatar til å bli trenarar seinare. Eg vil også trekke fram Bente på a-laget som står fram som ein god leiar. Det er viktig å få fram kvinnelege trenarar – slik det er i dag er yrket altfor mannsdominert. Det er årsaka til at vi ønskjer å satse på det, seier Pettersen.

Artikkeltags