Følg med på Årdal og resten av kampane i 4.divisjon

Siste kamp i 4.divisjon sparkast i gang klokka 14.00. Her kan du følge med på dei:

DEL

Klarer Årdal å sikre seg seriegullet og opprykk, eller får Førde hjelp av Tornado Måløy?

Her kan du følge med på Tornado Måløy – Årdal.

Kaupanger tar i mot Stryn på Kaupanger kunstgras.

Den kampen kan du følge med på her.

Det er også dramatikk mellom dei som ligg sist på tabellen. Dale besøker Bremanger og er nøydde til å ta tre poeng om dei skal vere sikra vidare spel. Det er også Bremanger.

Hold deg oppdatert på Bremanger – Dale her.

Florø 2 og Syril slepper heller ikkje unna med spenninga. Før siste kamp ligg Florø sist, og dei er nøydde til å vinne mot Syril om dei skal unngå den skumle sisteplassen.

Følg meg på Florø 2 og Syril her.

Kven som rykker ned vil også vere avhengig av om kva som skjer med Fjøra og Sogndal 2 i Norsk Tipping ligaen. Om begge laga blir verande i 3. divisjon vil ikkje sisteplassen i Kretsligaen rykke ned, men spele kvalifikasjonskamp mot lag frå 5. divisjon.

Men om enten Fjøra eller Sogndal 2 rykker ned til 4. divisjon vil laget på sisteplass rykke rett ned til 5. divisjon medan laget på 11.-plass må ut i kvalifikasjonskamp.

Artikkeltags