Gå til sidens hovedinnhold

Desse vegane blir stengde onsdag

Artikkelen er over 4 år gammel

SYKKEL: Tour des Fjords kjem rullande gjennom fire kommunar i morgon. Her får du oversikta over vegstengingar langs løypa.

Balestrand og Gaularfjellet

• Balestrand sentrum vert stengt for innkøyring og parkering frå klokka 20.00 tysdag kveld. Vegen forbi Reiselivsmuseet og ut Kong Belesveg til rådhuset vil også verte stengt frå kvelden før. Stenginga varer til syklistane har passert og materiell er rydda.

• Medan barnerittet går føre seg (11.00 – 12.15) vil det også verte stengt frå innkøyringa til Kong Belesveg frå sentrum og frå Lærargata i retning sentrum. Elles må ein rekne med stengt veg frå ein time før start (ca. klokka 12.30) i Kong Belesveg, Villavegen og heile hovudvegen til Gaularfjellet.

• Tour des Fjords startar klokka 13.20 i Balestrand sentrum.

• Kl 11.00 vil Gaularfjellet bli stengt for gjennomgangstrafikk ved Eldalsosen i Gaular og Mel kraftverk i Balestrand. Opning ca. klokka 16.00.

• Arrangørbussar med publikum frå Balestrand, Dragsvik, Sogndal og Førde kjem til Gaularfjellet kl. 12.15.

Rørvikfjellet

• Fylkesveg 13 frå Moskog over Rørvikfjellet vil bli stengt klokka 14.30 mot løpets retning til syklistane har passert, omkøyring via E39 Sande.

• Lokaltrafikk til Holsen vil sleppe gjennom, bortsett frå ein time før ryttarane kjem.

• Busstransport frå Førde og Sande til Rørvikfjellet.

Moskog–Vassenden

• E39 vert stengt klokka 14.30 ved Moskog. Løypa rundt Jølstravatnet vil bli stengt 1 time før ryttarane kjem forbi. Vegane blir opna igjen etter at ryttarane har passert.

• Når ryttarane har passert Moskog på retur mot Førde, vil vegen her bli stengt i retning Førde fram til siste ryttar har gått i mål i Førde ca. 18.00.

Fjærland/Skei

• Ca. klokka 13.40 blir vegen frå Fjærland til Skei stengt ved Brevasshytta.

• E39 frå Byrkjelo blir stengt klokka 14.00 på Skei.

• Rittet passerer Skei i perioden mellom 16.30 og 16.50, og vegen blir opna igjen for trafikk til Moskog like etter (sjå punkt for Moskog).

Førde sentrum

• Angedalsvegen blir stengt frå 09.00 til 21.00frå Langebruvegen (lyskrysset) til krysset med Kyrkjevegen, på strekninga forbi Festplassen og Førdehuset.

• Førde sentrum vil bli stengt for innkøyring ca. ein time før rittet kjem, altså frå kl. 16.00 og opna igjen etter målgang som er ca. 19.00. Syklistane skal sykle forbi sjukehuset, gjennom Førde sentrum, forbi Førde kyrkje, opp gjelet og ned igjen på riksveg 5 frå Haugum til Førde hotell, opp igjen til Coop Xtra og same runden igjen, før spurten skjer i Angedalsvegen med målgang ved NRK Sogn og Fjordane/Førde stadion.

• Den lange stenginga av Angedalsvegen frå klokka 09.00 til 21.00 er på grunn av rigging av målområdet.

Les også: Klare for 14 timar folkefest onsdag

E39 frå Bergen mot Førde

• Siling av trafikken på E39 ved Langeland vil bli sett i verk frå kl. 13.30 av lokale politiressursar.

Rv.5 frå Florø mot Førde

• Siling ved Naustdalstranda/Erdal blir sett i verk klokka 13.30 av lokale politiressursar.

• Bilistar som skal i retning Bergen frå Florø, vil sleppe gjennom fram til klokka 16.00. Skal du nordover mot Jølster, vil du bli stoppa etter klokka 13.30.

• Omkøyring for bilistar nordover er via fylkesveg 615 Storebru, Hyen, Sandane.

 

Bruk sykkelen din!

– Vi oppmodar folk i Førde om å køyre saman med ein nabo eller kollega, gå eller sykle til jobb på onsdag, seier prosjektleiar for etappen mellom Balestrand – Førde, Vidar Slettehaug.

Publikum kan stå langs heile løypa, men etter klokka 11.00 vil det ikkje vere mogleg å køyre opp på Gaularfjellet.

– Ver tidleg ute eller bruk sykkel, seier Slettehaug, som oppmodar folk om å kle seg etter vêret.

– Ver entusiastiske, men bruk hovudet. Pass på ungane – det går veldig fort når ryttarane kjem forbi. I tillegg vil det vere bilar, motorsyklar, TV-produksjon, sikkerheitspersonell, ambulanse, dommarar og lagbilar før og etter dei. Dette er eit stort rullande sirkus, så ver forsiktig langs vegen.

Skal du ta buss på onsdag? Sjå endringane i rutene på Firda Billag sine sider.

Kommentarer til denne saken