Oliver Rotihaug (22) går til Bryne FK

REISER: Oliver Rotihaug frå Eid forlét Florø for Bryne.

REISER: Oliver Rotihaug frå Eid forlét Florø for Bryne. Foto:

Av

Eidaren har skrive under på ei toårskontrakt med rogalandsklubben.

DEL

FIRDAPOSTEN: Oliver Rotihaug (22) har signert ei toårskontrakt med Bryne FK som går ut sesongen 2021. Det melder fotballklubben på sine nettsider.

Backen har spelt for Florø Fotball sidan 2016-sesongen, men kontrakten med Florø Fotball gjekk ut til jul. Han har også ni kampar for G18- og G19-landslaga.

– Ein hurtig back som vi ser fram til å få inn i troppen. Vi ønsker Oliver Rotihaug velkommen til Bryne FK, skriv klubben.

Artikkeltags