På bittelille julaftan tok Joker-nissen turen innom ein mann frå Florø. Det skriv Firdaposten.  Han vann ein inngangssum på over ein halv million og moglegheita til å bli millionær. Mannen tok ikkje telefonen frå Hamar, og dermed tok maskina dei logiske vala på følgande tal:

3 – 7 – 3 – 4 – 2

Det ende med ein nybakt Joker-millionær. Mannen gjekk frå inngangssummen på 527.000 kroner til 1,8 millionar kroner, berre eitt tal unna førstepremien på 2,6 millionar kroner.

- Fy flate! No låsar eg meg inn på dametoalettet her! utbraut mannen då Norsk Tipping endelig fikk tak i han.

Den heldige vinnaren la ikkje skjul på at dette var den råaste julegåva nokonnsinne.