Kring to millionar bankkundar råka av feil

Artikkelen er over 2 år gammel

FORBRUKAR: No vert det jobba på spreng for å rette problemet.

DEL

– Det er ein feil i banken sitt kjernesystem som påverkar all kommunikasjon mot det vi kallar frontløysingar, nettbank, mobilbank og betalingsløysingar på kort, seier Geir Grime, IT-sjef i Sparebanken Sogn og Fjordane til NRK Sogn og Fjordane.

100.000 kundar hos Sparebanken Sogn og Fjordane er råka. På landsplan kan bortimot eit par millionar kundar i Skandiabanken, Sparebank 1-gruppa og Sparebanken Vest vere råka av problemet.

Grime forsikrar at ein kan bruke kort i butikkar, men at problemet oppstår i minibank og nettbankhandel. Feilen oppstod i natt og er lokalisert. Det blir jobba for fullt for å løyse problema.

Det er IT-giganten Evry som leverer tenestene som har hatt problem fredag. Litt over 12.00 skriv dei på eigne nettsider at tenestene er skal vere på veg tilbake i drift.

Artikkeltags