Banken åtvarar: Får du denne SMSen - Slett den!

IKKJE TRYKK INNPÅ: Slik ser svindel-SMSen ut. Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane seier svindlarane har gått breitt ut, og nådd bankkundar over heile landet.

IKKJE TRYKK INNPÅ: Slik ser svindel-SMSen ut. Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane seier svindlarane har gått breitt ut, og nådd bankkundar over heile landet. Foto:

Bankkundar over heile landet får svindel-SMSar.

DEL

– Viss du har trykt på lenka og tasta inn brukarnamn og passord, må du kontakte banken din, seier Reiel Haugland, tekonologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Dei åtvarar på Facebook om ein svindel-SMS som florer hos bankkundar over heile landet.

«Kontoen din er sperret» står det i meldinga, etterfulgt av ei lenke.

– Trykker du på den, kjem du inn på ei Bank-ID-påloggingsside som ser kjent ut, seier Haugland.

Han veit ikkje kva type aktør som står bak svindelmeldinga, men seier dei tydelegvis er ute etter Bank-ID-påloggingsinformasjonen til folk.

– Den kan brukast til meir enn bank, så kva dei er ute etter veit vi ikkje, seier han.

Haugland seier slike svindelforsøk dukkar opp med jamne mellomrom, stadig i nye variantar.

– Det er vanskeleg å få gjort noko med, så folk må vere veldig bevisste. Vi ville aldri sendt ut slike meldingar, seier teknologidirektøren.

Artikkeltags