Vitensenteret får to millionar

RELALISERE DRAUMEN: Styreleiar i Vitensenteret Tor Arne Ness tar i mot gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane. f.v. Tor Arne Ness, Marianne Jevnaker, og banksjef Jan Petter Vadheim.

RELALISERE DRAUMEN: Styreleiar i Vitensenteret Tor Arne Ness tar i mot gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane. f.v. Tor Arne Ness, Marianne Jevnaker, og banksjef Jan Petter Vadheim. Foto:

FYLKET: Sparebanken Sogn og Fjordane vil gi to millionar kroner til å hjelpe med å realisere vitensenterdraumen.

DEL

– Prosjektet Vitensenteret Sogn og Fjordane har allereie kome langt på veg. Får dei senteret på plass, følger vi opp med 2 millionar av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) til å utvikle fantasifulle utstillingar der ungar i alle aldrar kan lære og utforske fenomen, seier Jan-Petter Vadheim, banksjef i SSF, i ei pressemelding.

Førre tysdag var det avsparksmøte for planlegging av vitensenteret, der Vadheim dukka opp. Med seg hadde han ei gåve på to millionar kroner, og pengane vert gjeve med atterhald om at anna finansiering fell på plass.

– Dette er eit spennande og modig prosjekt. Overskotet vårt skal gå tilbake til lokalsamfunnet midlane kom ifrå, og vi trur nærmiljøet, skular og barnefamiliar frå heile fylket får stor glede av dette senteret, seier Vadheim vidare.

Styreleiar i Vitensenteret Sogn og Fjordane AS Tor Arne Ness er glad for gåva.

– Dette gir energi til å stå på vidare for alle oss som jobbar med dette. Om alt klaffar, skal senteret opne allereie i 2020, seier Ness.

Artikkeltags