Sogn og Fjordane får 300.000 til skilt og turstiar

FÅR MIDLAR: Frå venstre: Atle Skrede (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Astrid Kalstveit (Sogn og Fjordane Turlag) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

FÅR MIDLAR: Frå venstre: Atle Skrede (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Astrid Kalstveit (Sogn og Fjordane Turlag) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane). Foto:

Av

Turstiane blir betre og skiltinga lik i heile Sogn og Fjordane. Det skal ei gåve på 300.000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane bidra til.

DEL

– Betre tilrettelegging av turtilbod gir stor auke i turaktivitet, som igjen gir betre folkehelse. Difor er det veldig kjekt for oss å vera med å bidra til dette prosjektet, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Gåva på 300.000 kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Prosjektet er eit samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunane i fylket og Sogn og Fjordane Turlag.

Skilta som blir sette opp, vil vera i tråd den nasjonale turskiltnorma, opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det betyr like skilt til alle turmål. Det er også ein del av prosjektet at turstiane blir registrerte digitalt i turkarta til Kartverket og på Ut.no.

Artikkeltags