Sparebanken Sogn og Fjordane: 149 millionar i tredje kvartal

AUKE: Sparebanken Sogn og Fjordane og administrerande direktør Trond Teigene offentleggjorde tala for tredje kvartal der dei viser ein auke på 37 millionar frå 2017.

AUKE: Sparebanken Sogn og Fjordane og administrerande direktør Trond Teigene offentleggjorde tala for tredje kvartal der dei viser ein auke på 37 millionar frå 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Sparebanken Sogn og Fjordane hadde i tredje kvartal eit resultat etter skatt på 149 millionar, mot 112 millionar same periode i 2017.

DEL

Det betyr ein auke på 37 millionar kroner, melder banken sjølv i ei pressemelding.

Administrerande direktør Trond Teigene fortel at veksten i stor grad baserar seg på låge tap og god verdistiging på aksjane banken eig.

Direktøren fortel også at dei har auka utlåna til bedriftsmarknaden med fem prosent og har no passert 12 milliardar i utlånte midlar. Brutto utlån til kundar på bedriftsmarknaden og privatmarknaden er på 47,7 milliardar kroner.

– Det tyder på investeringsvilje og ekspansjon i næringslivet, seier han.

Banken fortel også at driftskostnaden hittil i år er på 322 millionar kroner og ligg på same nivå som i fjor.

Nøkkeltal

HOVUDLINJER 3. KVARTAL 2018 ISOLERT

• Totalresultat 149 mill. kr (112 mill. kr)

• Netto renteinntekter 213 mill. kr (215 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 51 mill. kr (4 mill. kr)

• Driftskostnader 102 mill. kr (100 mill. kr)

• Tap på utlån 15 mill. kr (24 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 13,5 % p.a. (11,0 % p.a.)

HOVUDLINJER PR. 3. KVARTAL 2018 HITTIL I ÅR

• Totalresultat 369 mill. kr (304 mill. kr)

• Netto renteinntekter 634 mill. kr (635 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 83 mill. kr (43 mill. kr)

• Driftskostnader 322 mill. kr (323 mill. kr)

• Tap på utlån 30 mill. kr (93 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 11,4 % p.a. (10,3 % p.a.)

Alle tal som er kommenterte gjeld for konsernet om

ikkje anna er oppgitt. Tal i parentes gjeld tal for same

periode i fjor.

Artikkeltags