Hovudregelen for bildedeling er at ein alltid skal spørje om lov av dei som direkte eller indirekte kan gjenkjennast på bildet, før ein deler.
Ifølge ei undersøking gjennomført av Norstat for Codan viser det seg at 14 prosent av vestlendingar legg ut bilde av borna sine, 28 prosent legg ut bilde av vener, 15 prosent har lagt ut bilde av kjærast/ektefelle og fire prosent har lagt ut bilde av kjente personar. Dette gjer mange av oss til lovbrytarar, og vi ligg heile fem prosentpoeng over landssnittet når det kjem til bildedeling utan samtykke.
Undersøkinga viser og at ni prosent av vestlendingar har bilde eller informasjon dei helst ville ha fjerna frå Google. 21 prosent av oss veit ikkje kva som ligg søkbart ute på nettet om oss sjølv.