Eitt av tre barn seier at foreldra deler bilde av dei utan lov

Av
DEL

27 prosent av norske barn oppgir i ei fersk undersøking at foreldra har delt bilde eller filmar av dei utan å spørje først.

Samtidig reagerer halvparten av barna på kor mykje tid foreldra bruker på mobilen.

Det kjem fram i ei undersøking som Penetrace har utført på vegner av Telenor Noreg og Den digitale foreldreskolen.

Vidare oppgir halvparten av foreldra at dei éin eller fleire gonger har gått inn på mobilen til barnet, nettbrett eller PC og snoka utan at barnet var klar over det. Omtrent like mange meiner at det er plikta deira.

65 prosent av barna seier at dei ikkje synest det er greitt at foreldra går inn på dei digitale einingane deira utan lov.

Undersøkinga viser at talet på barn som speler meir enn tre timar om dagen har auka frå 25 prosent til 36 prosent frå 2016 til 2019. Vidare kjem det fram at 68 prosent av barn mellom 10 og 12 år er på Snapchat, sjølv om tenesta har 13 års aldersgrense.

(©NPK)

Artikkeltags