Vi vil gjerne sjå kva du gjer på i sommar – send oss eit «postkort»!

Artikkelen er over 1 år gammel

FERIE: Firda ønsker å samle «postkort» frå heile verda, og håpar du vil dele eit med oss.

DEL

Kvar er du, eller kvar skal du, på ferie denne sommaren? Firda vil gjerne sjå ditt feriebilde, enten du er på hytta i Fjaler, eit eldgammalt tempel i Katmandu eller på stranda Ipanema i Rio de Janeiro.

I kartet over kan du klikke på bilda for å sjå lesarane sine postkort.

Her kan du laste opp ditt bilde. For at bildet skal dukke opp på kartet, må ein velje kartplassering. Dersom du brukar mobilen til å laste opp ditt feriebilde, så vil den som oftast hjelpe deg med å plassere deg der du er.

Du kan og dele ditt «postkort» ved å bruke hashtag #firdasommar på Instagram. Då må du legge til stad på Instagram-bildet, for at det skal visast i kartet.

Krabbefiske-selfie, fjelltopp-selfie eller bade-selfie. Send oss gjerne eit sommarferie-bilde:

Artikkeltags