Solundmat fekk full pott og tok gull i nordisk meisterskap

VANN GULL: Solundmat starta i 2011 og sel kjøt frå villsau og klippfisk. Her er dagleg leiar Øyvind Lending avbilda i 2016 med kona Silje som også jobbar i bedrifta. Foto: Bent Are Iversen
SOLUND: Av 500 produkt, var Solundmat ein av to som fekk best resultat.
– Dette var kjempekjekt og overraskande, seier dagleg leiar Øyvind Lending.
Meisterskapen heiter Mathandverk og blei arrangert i Åre i Sverige førre veke. Over 100 produsentar stilte med til saman 500 produkt som skulle dømmast i 45 ulike matklassar.
Fekk plutseleg SMS
Lending hadde ikkje høve til å vere på utdelinga. Han fekk vite at Solundmat vann på SMS av den franske Pascale Baudonnel, som var ostedommar i konkurransen.
Det var Solundmat sitt fenalår av villsau som vann. Lending fortel at dei var så opptatte med å lage pinnekjøt, at dei nesten gløymde meisterskapen.
Måtte hive seg i bilen
Det enda med at dei måtte hive seg i bilen og kjøpe to av sine eigne fenalår på butikken.
– Så vi stilte med to tilfeldig utvalde fenalår frå butikkhylla. Ikkje akkurat nøye utvald, seier Lending og ler.
Men låra fekk 20 poeng, som er maks, og tok dermed gull i sin klasse.
Det er Eldrimner kompetansesenter for Mathandtverk og det svenske næringsmiddelverket som har arrangert meisterskapen.
I meisterskapen fekk Påldtun Frukt og Bær frå Gloppefjorden gull i sin klasse for bringebærsafta si. Og Vik og Vikja AS tok sølv for sitt økologiske røkte og kokte lammelår.