No er dei eit steg nærare bru over Ytre Steinsund

GLAD: – Dette er 99,9 prosent sikkert no, seier Solund-ordførar, Gunn Aamdal Mongstad.

GLAD: – Dette er 99,9 prosent sikkert no, seier Solund-ordførar, Gunn Aamdal Mongstad. Foto:

SOLUND: Brua vil binde Ytre Sula saman med resten av Solund.

DEL

– Dette er det beste for innbyggjarane i Solund kommune. Det meste av kultur- og tenestetilbod i kommunen ligg på Hardbakke, og ei realisering av dette prosjektet gjer det lettare for innbyggjarane i Ytre Solund å delta så vel i kulturaktivitetar som arbeidsliv.

Det seier samferdsleminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Søknaden om ferjeavløysing i 40 år vart torsdag godkjent av Samferdsledepartementet. Det siste som står att no er at fylkestinget stadfestar vedtaket i desember.

– Dette er 99,9 prosent sikkert no, seier Solund-ordførar, Gunn Aamdal Mongstad.

Ho vart gratulert av mange då ho var til stades under opningssalven på anleggsarbeidet med Jølstra Kraftverk torsdag ettermiddag.

– Fylkestinget har gjort sine vedtak. No manglar det eigentleg berre at departementet godkjenner ein avbetalingsplan, og så er dette i boks, seier Mongstad.

Ferjeavløysingsordninga for fylkesferjer vart innført frå 2016. Med denne ordninga kan fylkeskommunane disponere pengar som i dag går til ferjedrift, til å delfinansiere bruer og undersjøiske tunnelar som erstattar ferjesamband.

Fylkeskommunane vil kunne få ferjeavløysingsmidlar i inntil 40 år etter at ferja er lagt ned.

Artikkeltags