To bilar i trafikkuhell i Solund - ein del materielle skader

SOLUND: Politiet er på staden. Dei involverte hevdar seg uskadde.

DEL

To bilar har kollidert på fylkesveg 606 rundt 10 kilometer frå Hardbakke i Solund. Ulykka blei meldt inn av ein av dei involverte klokka 10.39.

Politiet var på staden klokka 11.02.

– Det er ein del materielle skader på bilane, spesielt den eine. Det var to personar i eine bilen, éin i den andre. Dei hevdar seg uskadde, men er ikkje sjekka av helse, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Den eine bilen står halvvegs i vegen, men trafikken flyt greitt på staden, ifølge politiet.

Ulykka skal ha skjedd i Eidsvågen i nærleiken av Sulefisk AS.

To personar frå det eine køyretøyet vert køyrd til legevakt, opplyser politiet.

Artikkeltags