Dykkar omkom i Solund

Artikkelen er over 2 år gammel

SOLUND: Politiet fekk klokka 11.56 melding om ei dykkarulykke i Solund kommune.

DEL

Politiet fekk melding via amk-sentralen, melder avsnittsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Både politi, ambulanse og luftambulanse var sendt til staden. Det vart forsøkt gjenoppliving, men dykkaren vart erklært død på staden.

Politiet arbeidar no med varsling av pårørande, og dei skriv i pressemeldinga at det ikkje vil bli gitt fleire opplysningar om den døde før dette er gjort.

– Politiet har oppretta sak for å prøve å finne årsak til ulykka. Det var fleire personar saman med avdøde då ulykka skjedde. Desse vert varetekne av eit kommunalt kriseteam, skriv Rebnord i pressemeldinga.

Artikkeltags