20 personar evakuerte i Solund - brannen er ikkje under kontroll

Det brenn ved Trovåg i Solund.

Det brenn ved Trovåg i Solund. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SOLUND: I femtida måndag ettermiddag tok det til å brenne i terrenget i Ytre Sula i Solund. I kveld er 20 personar blitt evakuerte, og to helikopter jobbar på spreng for å sløkke brannen.

DEL

– Det er evakuert 20 personar frå bygdene Trovåg og Kverrhella. I Trovåg er fem fastbuande husstandar evakuerte, og i Kverrhella er ein bustad evakuert, i tillegg til ein del hytteturistar, seier ordførar Gunn Mongstad.

Ho seier dei evakuerte er hos familie og venner i nærleiken, og at turistane er flytta til Nåra.

Kraftig vind og mykje røyk

Politiet opplyste måndag ettermiddag at kraftig nordavind gjorde at ein gras- og lyngbrann flyttar seg sørover mot busetnad ved Trovåg i Solund.

– Er vinden framleis kraftig?

– Det bles godt, men det har løya litt i forhold til det som var tidlegare i dag, seier Mongstad like før klokka 21 måndag kveld.

– Veit du korleis det går med sløkkearbeidet?

– Eg veit at eit helikopter nettopp har begynt med sløkkinga. Og at det er eitt til i beredskap om det blir nødvendig. Det har vore svært vanskeleg å sløkke frå bakken, mellom anna fordi det har vore veldig sterkt røykutvikling, seier Mongstad.

110 Hordaland melde på Twitter like etter at brannen starta at dei ikkje har moglegheit til å svare på pressetelefonen på grunn av høgt arbeidspress. Slik har det vore utover heile måndagskvelden.

Starta i terrenget

– Det er meldt om kraftig grasbrann i terrenget ved Trovåg i Solund, sa operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt i Bergen om lag ein time etter at brannen starta.

Ifølge Sætre var det lokale brannvernet framme på staden like før klokka 18, men dei har lite vatn å sløkke med. Dei venta då på forsterkningar, og politiet var òg på veg til brannområdet.

Politiet stadfesta litt seinare, rundt klokka 19, at det då var lokalt brannmannskap og politi på staden. Det brann framleis kraftig i terrenget, men det var ikkje direkte fare for bygningar. Eit brannhelikopter var rekvirert, og 110 Hordaland melde på Twitter at helikopteret var på veg til Solund.

Sivilforsvaret er også kalla ut.

Alle er varsla

Seinare på kvelden har det altså blitt gjort andre vurderingar, og til saman 20 personar er evakuerte.

– Eg kjenner på ei usikkerheit så lenge det ikkje er kontroll på brannen. Vi håpar sjølvsagt at den ikkje skal ta bygningar, men eg veit ikkje korleis det går. Men vi har kontroll på alle som er i området, og alle på øya er varsla. Det viktigaste er sjølvsagt no å ta vare på dei menneska som bur i området, seier ordførar Gunn Mongstad.

Artikkeltags