Oppdrettsselskap i Solund pålagt overvaking etter rømt fisk

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Fiskeridirektoratet har pålagt oppdrettsselskapa Framnessmolt AS i Lofoten og Lialaks AS i Solund å kartlegge og fjerna rømt oppdrettsfisk.

DEL

Frå anlegget til selskapet på Framnes i Lofoten rømde det i juli over 20.000 laksesmolt. Fiskeridirektoratet har no pålagt selskapet å kartleggja om den rømde setjefisken har vandra opp i fem elvar. Selskapet er også pålagt utvida fiske etter den rømde laksen.

I Solund har selskapet Lialaks AS fått eit liknande pålegg. Der rømde nesten 1.500 fisk frå anlegget i midten av juni. Selskapet har no fått krav om å undersøkja om rømt fisk har teke seg opp i Kvernhuselva ved anlegget. Pålegget inneber også eit krav om å fjerna denne fisken.

Vil fange og avlive eigarlause kattar i Solund: – Vi har fått mange negative reaksjonar 

Artikkeltags