Hjortekalv sat fast i fiskegarn. Brannvesenet tok saka

DEL

Brannvesenet i Hordaland rykte fredag ettermiddag ut til øya Kråka i Solund, melder dei på Twitter.

Dei køyrde ut med båt for å hjelpe ein hjortekalv, som sat fast i eit fiskegarn. Garnet har truleg blåse på land, og hjortekalven har vikla seg inn i det.

Det var ein turgåar som melde frå om kalven som sit fast.

Like før klokka 16.30 melder 110 Hordaland at hjorten er frigjort frå fiskegarnet, og at mannskapet deira er på veg tilbake til fastlandet.

Artikkeltags